- Trudde aldri eg skulle komme tilbake i jobb

Publisert

#205

Faksimile Firda.

Willy Nikolai Solheim (46) gjekk frå kasteball i systemet til fast plass på laget. Samarbeid mellom Mentro, NAV og NHO gav Willy Nikolai ein ny sjanse, skriv Firda.

I skulegarden på nye Naustdal barne- og ungdomsskule står ein mann og sagar i asfalten så støvet fyk. Lyden er om lag som eit firemotors propellfly på full gass.

- Eg lagar gummidekke for balanseapparat. Vi er inne i sluttfasen på dette prosjektet no, det er mange endar som skal gå i hop, seier Willy Nikolai Solheim.

Han har mellom anna lagt kantstein, planta bed og liknande - alt for at skuleborna i Naustdal skal få eit fint uteområde.

Solheim er no tilsett hos Anleggsgartnar Baarøy i Førde. Akkurat det er ikkje noko sjølvfølge, for Willy var lenge utanfor arbeidslivet. Heilt sidan 2005, faktisk. Mellom anna har han slite med angst og depresjonar.

For Solheim sin del kom løysinga då han via NAV fekk plass på Mentro i Førde i fjor vinter. Gjennom prosjektet «Ringar i vatn» fekk han kartlagt kompetanse, kursing, praksisplass og til slutt jobb hjå Baarøy.

Mentro AS i Førde, tidlegare Firda-produkt, gjennomførte ei stor omstrukturering for nokre år sidan. Det overordna målet er no å få folk ut av NAV-systemet og inn i fast jobb. Dei har skrinlagt omgrepet attføring, og satsar heller på å løfte fram talent og kunnskapar som kvar enkelt har. Ofte er skifte av yrke alt som skal til, andre gonger trengst det påfyll av kunnskap. Dei som får ein av dei vel 50 plassane kan vere innrullert i opp mot to år, medan dei ventar på det endelege målet: Fast jobb, og eiga stjerne på veggen på kontora til Mentro.


- Eg hadde eit sterkt ønske om å komme i jobb, og snakka med sakshandsamaren min i NAV. Eg var heldig og hamna rett på dette prosjektet. Robert kjenner mange i arbeidslivet og har godt overblikk. Han greier å finne plassar der folk har ein sjanse til å klare seg. Eg tok ei stor spørjeundersøking om evner og slikt, og der vart svaret at eg burde bli anleggsgartnar, seier Solheim.

Deretter var vegen kort, bokstaveleg talt, til Anleggsgartnar Baarøy AS, som tok imot Solheim i praksis i april.

- Det er viktig med aktivitet for å halde kropp og sinn i gong. Eg sa til Robert at eg var redd for å ikkje strekke til. Eg har blitt godt motteken og godt behandla. Det er godt å vere i ei bedrift der eg kan lære og utvikle meg. Eg likar meg veldig godt. Eg hadde litt sosial angst til å byrje med, men no går det bra. Det er kjekke kollegaer og ein triveleg sjef, seier Solheim.


For Baarøy var dette første gongen dei tilsette nokon i ein slik praksisplass, og for det fekk dagleg leiar Tormod Baarøy diplom og blome i handa frå NHO.


- Det er sjeldan vi får nei når vi spør bedrifter om å stille opp med praksisplassar, seier næringslivskontakt Robert Dahl i Mentro.


- Vi lever i ei IT-tid der det krevst spesialkompetanse alle vegar. Eg er av den gamle sorten og likar helst å arbeide med nevane enn med ei datamaskin. Så lenge eg duger så heng eg med her, seier Solheim til Firda.