Arbeid & Inkludering

Innhold

Fleire med hol i CV-en kjem seg i arbeid – Ibrahim sikra seg draumejobben

Fleire med tilrettelegging frå arbeid- og inkluderingsbedrifter kjem seg ut att i arbeidslivet. Paradoksalt nok kan forklaringa vere koronakrisa.

– Eg likar å jobbe med gravemaskin og køyre dumper. Også er det gode kollegaer her, fortel Ibrahim Alsahel.

Fembarnsfaren frå Syria har dei siste månadane jobba målretta for å kunne følgje draumen. I heimlandet arbeidde han som mekanikar, men har alltid drøymt om å jobbe med store maskiner.

Arbeids- og inkluderingsbedrifta Sogneprodukt ligg i landstoppen når det kjem til å matche arbeidssøkjarar med lokale bedrifter.

Alsahel har i likskap med fleire, som av ulike grunnar har hamna utanfor arbeidslivet, igjen funne sin plass.

– Dei har hjelpt meg mykje med å finne praksis, fortel Alsahel, som no har fått både praksis og jobb i Bernhard Strand Entreprenørforretning.

Helge Tefre og Ibrahim

GODE KOLLEGAER: – Ibrahim står på og er veldig flink, rosar kollega og maskinførar Helge Tefre i Berhard Strand Entreprenørforretning.

FOTO: RAGNHILD MYKLEMYR / NRK

– Avhengige av å treffe riktig

NHO sine tal viser at det var fleire med store hol i CV-en som fekk jobb midt under koronakrisa, enn på same tidspunkt i fjor.

I mai fekk 48 prosent jobb, mot 45 prosent i fjor. Andelen som fekk jobb i april og mars var òg større i år enn i fjor.

Aller best resultat hadde Sogneprodukt som fekk heile 80 prosent til jobb eller utdanning i mars.

– Eg trur nøkkelen til dei gode resultata er eit godt samarbeid med NAV-kontora, som er oppdragsgivarane våre. Me har dessutan mykje og brei kompetanse internt og eit langt samarbeid med næringslivet, fortel jobbkonsulent Iren Anita Sæbø i Sogneprodukt.

Kollega i marknad og utvikling i Sogneprodukt, Morten Røyrvik, seier mykje handlar om å finne riktig match.

– Det er viktig for oss at me klarer å finne arbeidssøkjarane sin plass og sitt yrkesområde. Det er denne delen meir er avhengige av å treffe riktig på, så ofte som råd. Då veit me at me har lukkast.

Sogneprodukt morten røyrvik

HAR FUNNE SUKSESSFORMELEN: Jobbkonsulent Iren Anita Sæbø og Morten Røyrvik, ved marknad og utvikling, begge i Sogneprodukt seier dei overtid har jobba fram ein brei kompetanse på arbeidsformidling.

FOTO: RAGNHILD MYKLEMYR / NRK

Tette band til næringslivet

NHO seier at nøkkelen til suksess er grundig kartlegging av arbeidsgivar sitt behov.

– Det er viktig at ein har tette band til det lokale næringslivet og følgjer opp både arbeidsgivar og arbeidstakar i ein periode etter tilsetjing, seier Kenneth Stien, direktør i bransjeforeininga Arbeid og inkludering i NHO Service og Handel.

Då koronatiltaka i vår gjorde det vanskeleg å tilby arbeidspraksis, tok fleire arbeidsgivarar grep.

– Fleire bedrifter nytta moglegheita til å tilsette folk dei hadde i arbeidspraksis, fordi dei trengde arbeidskrafta. Det gav gode formidlingstal for mars og april i første kvartal. Tendensen viser at formidlinga held fram.

Stien estimerer at det før koronakrisa var 180.000 personar med nedsett arbeidsevne som sto på utsida av arbeidslivet.

– No må me tenkje både på dei som har mista jobben og skal attende, men også dei som allereie sto utan arbeid før korona. Då er det behov for fleire tiltaksplassar framover.

Kenneth stien NHO

POSITIV TREND: Kenneth Stien, direktør i bransjeforeningen Arbeid og inkludering i NHO service og handel, meiner suksessen ligg i at ein formidlar gode kandidatar til arbeidsgivarar med reelle arbeidskraftbehov.

FOTO: NHO SERVICE OG HANDEL