Han var langt nede etter to misslukka fagprøver - no har han fått fast jobb

ALLE GODE TING ER TRE: Han trengde tre forsøk på å bestå fagprøven. No har Jostein Haukås-Eide frå Sogndal fått jobb hos Bilfinger i Årdal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

ALLE GODE TING ER TRE: Han trengde tre forsøk på å bestå fagprøven. No har Jostein Haukås-Eide frå Sogndal fått jobb hos Bilfinger i Årdal. (Foto: Halvor Farsund Storvik).

No har Jostein Haukås-Eide frå Slinde i Sogndal fått fast jobb som elektrikar hos Bilfinger i Årdal. For den unge elektrikaren vart attføringsbedrifta Sogneprodukt løysinga då han trengde å få tilbake trua på seg sjølv.

Årdal:  Han strauk fagprøven to gongar, men stod på den tredje. No har Jostein Haukås-Eide frå Slinde i Sogndal fått fast jobb som elektrikar hos Bilfinger i Årdal.

– No kan eg endeleg slappa av litt, og jobba med det eg likar, seier han.

For den unge elektrikaren vart attføringsbedrifta Sogneprodukt løysinga då han trengde å få tilbake trua på seg sjølv.

– Eg gjekk langt ned i kjellaren, og det tok lang tid før eg kom opp att, seier han.

Orda skapar krøll under press

Han slit med ei form for dysleksi, som gjer at han kan streva med å finna dei rette orda når han skal forklara seg.

– Når eg blir litt stressa og får litt puls, så hjelper ikkje akkurat det heller, seier Haukås-Eide.

Ein sentral del av fagprøva er nettopp at lærlingane skal kunne forklara alt dei gjer, og korleis dei har tenkt. Og det er nettopp i slike situasjonar Haukås-Eide får problem.

– Når eg får spørsmål om noko, så seier eg ofte det første eg tenkjer, og det er ikkje alltid det rette. Det var mykje dèt som gjekk gale den andre gongen, seier han.

På det første forsøket var det derimot ein heilt annan ting som kom i vegen.

– Då døydde ein kamerat av meg midt under fagprøven. Eg skal ikkje skulda på det, men då var tankane mine ein heilt annan plass, seier Haukås-Eide.

 

Pugga til alt sat som støypt

Etter dei to mislukka forsøka, hadde sjølvtilliten fått ein skikkeleg knekk.

– Det var ganske jævlig, for å seia det rett ut, seier Haukås-Eide.

Då han var lengst nede kom han i kontakt med Sogneprodukt. Deira oppdrag er å hjelpa folk som av ulike grunnar slit med å få seg jobb. Slik enda Haukås-Eide opp i Årdal.

Hos industriverksemda Bilfinger fekk han tid til å bygga seg opp att og bli trygg på seg sjølv.

– I starten så gjekk det to steg bak, før det byrja å gå framover, fortel han.

Etter eitt år i lære hos Bilfinger var det tid for å gå opp på nytt. For tredje gong. No var Haukås-Eide fast bestemt på at orda ikkje skulle krølla det til for han.

– Løysinga var berre at eg måtte øva og øva. Det vart mange seine kveldar der eg jobba med teori. Målet var at eg skulle kunna alt ut og inn. Då var det mykje enklare å finna dei rette orda, seier han.

Vart teken godt imot

Ikkje berre stod han fagprøven, nokre månader seinare fekk han beskjed om at Bilfinger var så nøgde at dei ville gje han fast jobb.

– Eg var utruleg letta, fortel Haukås-Eide.

Dette er første gong industriverksemda i Årdal samarbeider med Sogneprodukt om eit slikt opplegg. Dei seier det meste har gått på skinner sidan dei fekk sogndølen inn dørene.

– Folk som dett litt på utsida, røys dei opp att og få dei med. Det er mykje enklare enn du trur, seier Vidar Sylvarnes, som er leiar på elektroavdelinga.

Dagleg leiar Dag Reidar Vik i Bilfinger er samd. Han kallar det ei suksesshistorie.

– Me er stolte av å ha kunne hjelpa Jostein fram til det som har vorte ein fast tilsetting, seier han.

Sjølv gir Haukås-Eide mykje av æra for forvandlinga hans til mottakinga han fekk i Årdal.

– Det var eit lett miljø å gli rett inn, det merka eg med ein gong. Det har betydd alt. Eg vart trygg på bedrifta med ein gong, seier han.