Arbeid & Inkludering

Innhold

Jobbdate med tolk

Vårt Land om RIV

Faksimile fra Vårt Land

Jesintha Mary Mariyasoosai har éin jobbdraum, fast jobb som reinhaldar. Difor er ho på jobbdate med ein hotelldirektør. Og ein teiknspråktolk, skriv Vårt Land frå Ringer i Vannets rekrutteringsdag i Oslo.

- Eg har arbeidd på vaskeri, i butikk og som reinhaldar. Aldri faste jobbar, men engasjement og tiltaksplassar, lyder det når Mariyasoosai presenterer CV-en.

Avisa skriv at den er på "ei uvanleg rekrutteringssamling i Næringslivets hus, NHOs høgborg i Oslo. Vel 150 jobbsøkjarar, alle med funksjonshemming og holete CV-ar, vandrar mellom eit tjue-tal arbeidsgjevarar.

Alle ber på same draum: Få ein jobb med fast inntekt."

- Velkommen til oss, seier hotelldirektør Theodor von Porat, og inviterer Jesintha Mary Mariyasoosai inn på jobbdate.

Mariyasoosai er døv, så ho høyrer ikkje kva hotelldirektøren på Scandic Sjølyst i Oslo seier, men med hjelp frå tegnspråktolk Ingunn Kultorp Martinsen kjem samtalen raskt i gang. Mariyasoosai får presentere seg; får fortalt kven ho er, kva jobbar ho har lyst på og kva arbeidserfaring ho har.

Theodor von Porat noterer det viktigaste, for når alle jobbsøkjarmøta er unnagjort, skal han sortere ut dei kandidatane som skal inn på eit grundigare jobbintervju.

Motiverte. Ved nabobordet står kollega Jannicke Holmgreen Lorentzen, direktør på Scandic Lillestrøm. Ho har også gode røynsler med å rekruttere folk med funksjonshemmingar.

- Felles for denne gruppa er at dei har ein svært sterk motivasjon for å kome seg ut i jobb. Difor tek dei verkeleg vare på jobben om dei blir valt ut, seier ho og fortel om medarbeidarar som står på for å vise seg tilliten verdig.

 

- Vår røynsle er at hol i CV-en ikkje er noko problem.

 Holmgreen Lorentzen seier at det krev noko ekstra av arbeidsgjevar om ein til dømes tilset døve medarbeidarar.

- Men det løyser vi med å bruke teiknspråktolkar og tenkje kommunikasjon på andre måtar.

Solberg-regjeringa seier dei har ein visjon; «eit samfunn der alle kan delta». Og: «Det må legges til rette for personer med nedsatt funksjonsevne i arbeidsliv og dagligliv».

Intervju. Akkurat det veit Hanna Cederström mykje om. Ho er vegleiar i arbeidsmarknadsbedrifta Signo  Rycon i Oslo som gjev arbeid til døve, hørselshemma, personar med hørselsutfordringar og døvblinde. I dag er ho i Næringslivets hus saman med ti jobbsøkjarar frå Signo  Rycon.

- Mange døve og hørselshemma opplever aldri å bli kalla inn til intervju. Hørselshemminga står i vegen, seier ho og fortel at mange arbeidsgjevarar ikkje ser kompetansen til dei som søkjer jobb på vanleg måte, skriftlege søknadar. Dei ser berre at vedkommande er døv eller har ei hørselshemming, og tenkjer at det betyr meirarbeid og dyre tilpassingar, fortel Hanna Cederström til Vårt Land. Ho er vegleiar ved AI-bedriften SignoRycon.

PS! 7 av 10 jobbsøkere frå SignoRycon har fått tilbod om jobb eller praksis etter Rekrutteringsdagen.