- Mange tenker «det gjeld ikkje meg». Men så gjer det plutseleg det

faksimile

Faksimile frå Firda

Årsakene til at folk hamnar utanfor arbeidslivet er mange, og konsekvensane kan vere store. På Origod arbeider dei med karrierekompetanse, kartlegging av arbeidserfaring, kapasitet og kompetanseheving, skriv Firda i ei stor reportasje om Origod.

Firda ga Origod stor merksemd nyleg med forside og to sider i avisa.

 - Vi har begge kjent på det å møte motgang, og veit kor tøft det kan vere, seier Ronny Grimeland til Firda.
Han er produksjonsleiar i Origod, eit selskap som driv med arbeids- og inkluderingstenester i Førde og Florø. Leiaren for arbeidsførebuande trening, Arnhild Mallasvik, fortel at det er nettopp denne hjelpa mange treng.
- Mange kjem til oss med usikkerheit kring dette med jobb, men når dei får prøve seg på ulike oppgåver og kjenne meistring,så blomstrar dei, seier Arnhild Mallasvik. Ho er leiar for arbeidsførebuande trening.

Mange treng eit tilbod

Mallasvik og Grimeland fortel at personane dei møter har ulike utfordringar og bakgrunn. Medan nokre aldri har vore i arbeid, kan andre ha lang erfaring og kompetanse frå tidlegare jobbar.
Grimeland peikar på at mange i løpet av livet vil møte på psykiske utfordringar, og at fleire kan ha behov for å få hjelp til å komme seg tilbake i jobb.
- Mange tenker «det gjeld ikkje meg». Men så gjer det plutseleg det, seier han.
Framleis opplever mange stigma knytt til det å gå arbeidslaus og delta i eit arbeidsretta tiltak. Mallasvik seier at det derfor kan vere vanskeleg å takke ja til eit slikt tilbod. Men når dei først er komne innanfor dørene, kan tankesettet endre seg.
- Vi jobbar med å sjå og styrke heile personen. Det kan vere eit samansett og komplekst problem dei står overfor, men når dei lykkast, så ser vi at det aukar livskvaliteten deira, også for dei som ikkje kjem seg tilbake til arbeidslivet. Det kan gi ro å få bekrefta at helsesituasjonen ikkje er i samsvar med det å gå i ei hundre prosent ordinær stilling, seier ho.

Får ein fot innanfor

Etter ei tilvising frå NAV, bruker dei tilsette i Origod mykje tid på å kartlegge nettopp kva interesser søkaren har, tidlegare erfaring og arbeidskapasitet. Så får personen prøve seg i arbeid med mål om ei stilling i ei ordinær verksemd.
Jobbsøkarane får mellom anna hjelp til å lage ein god CV og får trening i intervjusettingar, men praksisen er ein av dei viktigaste elementa i å sikre seg ein jobb.
- Arbeidslivet er sånn at det viktigaste, og kanskje vanskelegaste, er å få ein fot innanfor. Når ein først har det, og arbeidsgivar er kjend med deg og kva du kan, er vegen kortare mot å spikre ein jobbavtale, seier Grimeland.