Arbeid & Inkludering

Innhold

  • Arbeid & Inkludering
  • - Dei som står lengst unna arbeidslivet får det berre tøffare med å kome tilbake i jobb

- Tøffare for dei lengst unna arbeidslivet

#205

Faksimile Vestbladet Vikeposten

- Dette er ei ganske stor gruppe menneske, som står lengre unna arbeidslivet enn andre, seier dagleg leiar Eldor Skeide til Vikebladet Vestposten.

- Dette er menneske som anten har vore ute av det lenge, og som følgje av det slit med å kome tilbake - eller som grunna samansette utfordringar ikkje kan gå inn i ein ordinær jobb utan god tilrettelegging. Denne gruppa hamnar utanfor den ordinære arbeidsløysestatistikken, fordi dei ikkje er ordinære arbeidssøkjarar per dags dato, seier Eldor Skeide, administrerande direktør i Furene AS.

Gjennom god oppfølging har Furene hjelpt meir enn 150 personar på Søre Sunnmøre med å få arbeid - til no i år. 7 av 10 av dei som har deltatt i oppfølgingstiltaket til Furene får jobb eller utdanning - og på dette er verksemda blant dei tre beste i heile Norge. Og, gjennom arbeidsførebuande trening - eit tiltak for dei som har vore lenge ute av arbeid - har nesten 6 av 10 kome seg i arbeid eller starta på utdanning, skriv Vestbladet Vikeposten.

Likevel er det noko som uroar Eldor Skeide.

- Reglane for arbeidsavklaringspengar blei skjerpa nyleg. Dette er pengar ein får når ein går ut av dagpengeperioden. Denne innskjerpinga gjer at fleire må finne ei permanent løysing på situasjonen sin, og det gjer at auken i talet på uføretrygda går kraftig opp. Personane det gjeld treng eit større verkemiddelapparat for å kome i arbeid. Det er der arbeidsførebuande trening per dags dato er det einaste rette tiltaket.

- Dette går direkte inn i inkluderingsdugnaden, der målet er å inkludere fleire av dei som i dag står utanfor. Det er ikkje så mykje motstridande når det gjeld det overordna politiske målet - men det er nok litt motstridande når det kjem til verkemiddelapparatet. Vi ser at tiltaket med arbeidsførebuande trening verkeleg verkar. For berre fem år sidan fekk vi kanskje 3 av 10 frå denne gruppa ut i arbeid - no nærmar vi oss 6 av 10. Det er ein enorm forskjell på få år, seier Eldor Skeide.

- Andre grupper har ofte interesseorganisasjonar som står på barrikadane og kjempar for dei. Den gruppa vi snakkar om her er diverre meir usynlege. Personar utan ein eintydig diagnose eller situasjon - utan solid støtte frå diverse organisasjonar. Men - dei har ein ting til felles, dei treng meir hjelp. Det er nettopp her arbeidsførebuande trening er så viktig, og er per dags dato den løysinga som burde få meir fokus retta mot seg, seier Skeide til avisa.